Skulane mine

Ueland skule

Eg begynte i 1. klasse på Ualand skule i Varhaug kommune i august 1956.

Skulen var to-delt, vi gjekk altså fleire årskull i same klasse og vi gjekk annakvar dag. Læraren den første tida var M. Moi. Eg trur han budde på Pollestad og kjørte til Ueland på knallert.

Det var eit skulehus og ei tyskerbrakke med klasserom, og det var eit uthus til utedo, vedbod og sykkelstall.



Vi fekk leiga lærarboligen på Bjorheim. Der var vi nærmaste nabo med garden til bestefar.

Hausten 1957 begynte Ernst Hetland som lærar ved Ueland skule. Han flytta inn på hybel i andre etasje i lærarboligen, mens vår familie brukte resten av huset.

Ernst Hetland var læraren min i andre klasse.

I 1958 flytta vi til Nærbø.


*****


Lærarboligen på Bjorheim.
I 1960 sa ernst Hetland opp lærarstillinga si ved Ueland skule. Det var ingen som søkte på utlyst lærarstilling og dermed vart det bestemt å leggje ned skulen og elevane vart bussa til Varhaug. Etter det vart skulehuset i fleire år brukt til forsamlingshus i bygda.

Gamla Bø skule

I 1958 flytta vi til Nærbø. Far hadde arbeid hos Brødr. Skjærpe. Først var han gravemaskinførar, men etter trafikkulykka i nov. året før der han mista eine foten, fekk han kontorarbeid. Det var meir praktisk å bu på Nærbø.

Eg begynte i tredje klasse på Gamla Bø og hadde frk. Mugås som lærarinne.

Den gamle skulen på Bø-garden vart bygd alt i 1891.

Bø skule

Året etteer vart klassen flytta ned til «nya» Bø skule, og vi fekk Holger Bore til lærar i fjerde klasse.

Bø skule var bygd i 1956, men hadde ikkje nok plass til alle elevane så nokon klassar måtte bruke klasserom på «gamla» Bø. Skulen var første gong påbygd alt i 1958. I 2016 vart det bygd ny Bø skule på andre sida av vegen og nokre hundre meter nærare Nærbø sentrum. Skulen på bilete er seinare revet og tomta tatt ibruk til bustader.

Nærbø ungdomsskule

I 1962 var vi det første årskullet som begynte på den nye umgdomsskulen på Nærbø. Vi gjekk i sjuende klasse og var det siste kullet som gjekk etter gammal ordning med sju år folkeskule og eit år framhaldskule. Årskullet etter oss skulle gå 9-årig folkeskule.


På Nærbø ungdomsskule gjekk eg sjuende klasse og 3 år på realskulen. Etter eksamen på realskulen feira vi 17. mai som grøn-russ.

Sidan vi var i ein overgangsfase fra gammal til ny skuleordning, vart det organisert et tilbod om ein reaskuleklasse (under Bryne Gymnas). Vi kunne velgje om vi etter sjuende klasse ville ta eit år på framhaldskule og så være ferdig med skulen, eller om vi ville begynne på 3-årig realskule og dermed kalifisere oss til vidare utdanning.

*************************************

Etter avslutta realskule hadde eg ingen sterk formeining om kva eg skulle bli når eg blei stor. Eg oppsøkte yrkesrettleiar som fekk meg til å tru å at eg kunne bli yrkesskulelærar.

Bryne Yrkesskole

Skuleåret 66/67 var eg elev på jern og metall-linja ved Bryne Yrkesskole. Vi lærte å bruke metallbearbeidingsmaskinar av alle slag, dreiebenk, metallsag, shapping osv. Håndarbeid blei vi og flinke til, som fek.s. fileing. Vanlig uttrykk var:»I feel fine»


*************************************

Hetland gymnas

Etter eit år på yrkesskulen var eg ennå ikkje heilt sikker på yrkesvalget. Dermed vart det til at eg søkte på gymnaset. Eg fekk plass ved Hetland gymnas, så då vart det reising med tog kvar dag fram og tilbake Nærbø – Mariero i tre år. Ferdig med real-linja våren 1970, men valgte å ikkje vera russ.

Hetland gymnas på Kristianlyst i utkanten av Stavanger. I dag heiter det Hetland videregående skole.

********************************************

Etter gymnaset vart det eit år i militærtjeneste. Første halvåret på Jørstadmoen ved Lillehammar der vi fekk opplæring til sambandssoldater. Det var bl.a. kurser i maskinskriving, chiffrering og bruk av fjernskrivere. Siste halvåret var det tjeneste ved DKV (Distriktskomando Vestlandet) i Bergen.

Skuleåret 1971/72 var eg vikarlærar ved Høyland skule. Etter det var eg klar for lærarskule.

Stavanger lærerskole

Eg begynte på lærerskulen i Stavanger hausten 1972, og tok lærarprøva her etter to år. Så gjekk eg eit år på 1. avd spesialpedagogikk (spes. ped.) . Seinare (77/78) tok eg 2. avd. spes. ped. ved Spesiallærerhøgskolen i Hosle i Bærum.

Stavanger lærerskole på Ullandhaug. stod ferdig i 1972, same året eg begynte der. Dette var første byggetrinn på det som i dag er campus for Universitetet i Stavanger – UIS.

I 1980 og -81 var eg tilbake på lærarskulen i Stavanger og hospiterte på førskoleavdelinga på deltid, men uten å ta nokon avsluttande eksamen.

SLUTT.