Amerika – ei lita emigrantforteljing

Eg har alltid vore kry av at eg har vore i Amerika som unge. Eg feira 5 og 6 års-dagane mine i Alberta, Canada.  Har tidlegare fortalt til alle som ville høyre, at eg budde eit og eit halvt år i Canada. Når eg i godt vaksen alder sjekka dette så forstod eg at eg hadde skrøyta på nokre ekstra månader. Reisedokumenta, eller billettane om du vil, viser at mor og meg var «over der» i ca 14 mnd.  Far reiste over Atlanteren eit halvt år før oss.

Eg feirar femårsdagen min i Alberta

Far var eldst av 5 søsken og han skulle etter tradisjonen overta farsgarden på Bjorheim i Varhaug. På begynnelsen av 1950-talet var bestefar bare litt over 50 år og dreiv garden sjølv, og tida for å overta var ikkje inne.  Det var heller ikkje så lett å finne seg anna arbeid i denne tida. Det var noko av bakteppet for Amerika-reisa.

Mor brevveksla på denne tida med Gerda Ueland som budde i Alberta i Canada, saman med mannen sin Johannes. Mor og Gerda var kjende frå tida dei begge arbeidde på Varhaug stasjonen, mor på Handelslaget og Gerda på meieriet. Johannes Ueland reiste til Canada våren 1948 for å arbeida på farmen til bror sin, Olav Ueland. Til jul 1952 reiste han heim til Norge og gifta seg med Gerda Topdal, og dei reiste saman tilbake til Alberta våren 1953.

Det var nok brevvekslinga med Gerda som sette mor og far på tanken om å reise til Amerika. Dei fekk greie på at det var bruk for arbeidsfolk på nabofarmen der Gerda og Johannes var. Det var på farmen til Abraham Auestad, som og stamma frå Varhaug.

Far reiste frå Stavanger 4. april 1954 med båt til England. Truleg gjekk denne båten til Newcastle. Derifrå reiste han med jernbanen til Southampton, der han gjekk om bord i M/S Samaria den 6. april, «bound for» Amerika. Far fortalte at han opplevde det skitent og forfalle der han reiste i England, og båtreisa var og «simpel» i forhold til slik det var på dei norske båtane. Eg veit ikkje så mykje meir om far si reise, men fram kom han og han kom seg i arbeid på farmen hos Marta og Abraham Auestad i Milo, Alberta, Canada.

Slekta tek avskjed på kaien i Stavanger
M/S Samaria gjekk frå Southampton 6. april 1954.

Det var ofte slik med Amerika-fararane at mannen reiste over først for å finne utav forholda og skaffe seg arbeid. Så reiste kona og ungar etter. Slik var det i vårt tilfelle og, eit lite halvår seinare drog mor og meg til far i Canada.

Vi reiste frå Stavanger med S/S Stavangerfjord 30. september 1954. Som vanleg når folk reiste til Amerika, så møtte dei nærmaste, onklar, tanter, og besteforeldre fram på kaien for å ta avskjed. Det vart vinka med kvite lommetørkle, dei viste godt igjen, og så var det vel praktisk dersom det skulle kom ei og anna tåre.

I passasjerlista kan vi lese at vi reisande var inndelte i første klasse, kabin klasse og turistklasse. Det var til saman litt over 600 passasjerar med på turen. Mor og eg reiste på turistklasse og delte lugar med Karen Lilleland frå Madla. Elles vart mor kjent med ein familie som hadde budd på Klepp, Gunvor og Hilmar Helstad. Dei reiste med to barn og skulle emigrere og prøve seg i Amerika. Carl Skretting (som var litt i slekt med mor) reiste og med same båten. Han var bror til Hans Skretting som vi nemner noko seinare, og han hadde vore heime på Varhaug på ferie.

Bilete

Møtet med den nye verda var nok overveldande for oss to som kom rett frå Varhaug. Mor var 25 år og hadde ikkje vore lenger vekke enn Sandnes og Stavanger, forutan ein tur til Oslo for å skaffe visumpapir. Eg var bare 4 år og hugsar lite frå møtet med storbyen i Amerika, men i mor sitt eksemplar av passasjerlista for S/S Stavangerfjord har ho notert følgjande:

Laurdag 9/10-54
Asg. og meg har gått av Stavangerfj. i dag tidleg, etter ein kjekk tur over Atlanteren. Me var ikkje så friske dei 3 fyrste dagane, men då var veret så bra at det var ikkje av det aller verste. Den fjerde dagen var det storm (opp til orkan), men me klara oss fint. I går var det flott solskin så me sat oppe på dekk bare. Det vart toke masse fotografi den dagen. I dag morgon seig me inn på New York havn i blikkstilla, me såg en vakker solrenning. Nå sit me på jernbanestasjonen New York Sentral. Eg er heilt ør av denne store byen. Det vrimlar av folk, svarte og kvite. Og så er det minst like mange motorkjøretøy i alle modellar. Eg har på følelsen at denne bygningen som me er i her, er like stor og har like mange gater og butikkar som vår kjære Sandnes. Dette veit eg ikkje om er sant, men utan å ha sett noko av det skulle ingen få meg til å tru at det kunne finnast så kjempe-svære bygningar. Ein ting til er det som overvelda meg. Og det er den overflod av frukt og slike ting. Det laver av druer, appelsin og bananer. Svære opne butikkar som snur ut mot gata der me kan gå sjølve og klyppa ned drueklasar frå snorer. Og så må du sjølvsagt betala her som heime. Det er 2 t. til toget vårt skal gå. Eg skulle ønskja dei 3 døgna var over, det vert trasig.  -Ja nå sit me på toget. Me kunne ikkje få sovevogn, men det er fine lenestolar me set i så me skal ikkje klaga. Me tar frå no kl. 7.45 til i morgon kl. 12 då er me i Toronto. Der må me visst tollast igjen. Du kan tru når me skulle gå på toget. Eg skreiv at stasj.bygningen var stor. Men så var det sikkert 100 spor. Me skulle til nr. 34. Då kom me på ei underleg plattform. Eg sa til Carl då me endeleg kom fram til vogna, om me ikkje bare kunne gått det som var att og. No fer me utover gjennom byen. For kvar gate me fer forbi ser me fullt av bilar på kvar side så langt auga rekk, og vindauga med lys himmelhøgt. Nett nå ser eg ei flata større en den største åkeren heime, heilt tett med flotte «glis». -Nå får eg ta Asg. på fanget og prøva å få han til å sova.

 

Turen over Atlanteren tok 9 døgn med båten, og som det går fram av det mor noterte etter at vi kom i land i New York, så var det uroleg sjø i fleire døgn. Eg skal ha vore så sjøsjuk at eg var regelrett grøn i ansiktet. Frå New York reiste vi vidare med tog nord-vestover, over grensa til Canada til byen Toronto ved bredda av Ontario-sjøen. Frå Toronto gjekk turen med Canadian Pacific Railway, gjennom provinsane Ontario, Manitoba og Saskatchewan til Alberta, til ein by som heite Medicine Hat. Reiseruta videre er eg ikkje sikker på, men mor meinar at far tok imot oss på jernbanestasjonen i Calgary, og at vi kjørte bil til farmen til Abraham Auestad i Milo.