Selkvinna i Mikladalur

Bronsestatue av selkvinna reist i Mikladalur i 2014.

Eit sagn frå Færøyane seier at menneske som druknar seg i sjøen, vert til selar. Det heiter at dei på kvelden 13. juledag kvart år kjem inn til ei grotte ved stranda, tek av seg selskinnet og dansar og leikar saman som menneske heile natta. Når morgonen kjem tek det på seg selskinnet att og fer til havs.

Ein ung mann frå Mikladalur hadde høyrt sagnet og sette seg føre å finne ut om det var sant. Han gøymde seg bak ein stor stein, og etter at sola hadde gått ned vart han vitne til at mange selar steig i land, kledde av seg selskinnet og gjekk vidare som menneske.

Etter ei stund oppdaga mannen ei svært vakker ung kvinne som kom ut av selskinnet sitt. Han vart så gripen av henne at han lurte seg fram og tok skinnet hennar med seg tilbake til gøymeplassen.

                

Sel-menneska dansa heile natta, men då det lysna kledde dei seg i skinna sine og for tilbake i sjøen.

Den vakre kvinna som ikkje fant att hamen sin, vart svært lei seg og begynte å gråta. Etter litt oppdaga ho mannen som hadde skinnet hennar, og ho spurte og ba fint om å få det igjen før sola stod opp. Mannen ville ikkje høyre på henne, han tok med seg skinnet og for opp bakkane til huset sitt, og ho hadde ikkje anna å gjere enn å følgje etter han.

Den unge mannen og selkvinna levde som mann og kone, dei hadde det godt saman og fekk to barn. Det var svært viktig at han greidde å halde henne vekke fra hamen sin. Derfor vart selskinnet låst ned i ei stor kiste og mannen hadde alltid nøkkelen festa i beltet sitt.

Så ein dag mannen var ute på fiske saman med andre menn fra Mikladalur, oppdaga han at nøkkelen i beltet var vekke, han hadde gløymt den heime. «I dag vert eg konelaus» ropte han, og fekk dei andre i båten til å dra inn fiskelinene og så rodde dei så fort dei kunne tilbake til land.

Heime i kjøkkenet fant han dei to barna aleine og han forstod at kona hadde reist sin veg. Selkvinna hadde sløkt elden og gjømt knivane for at barna ikkje skulle skade seg mens dei var heime aleine. Etter det skunda ho seg ned til stranda, tok på seg selskinnet og kasta seg i sjøen.

Denne gamle kista står i dag i et hus i Mikladalur og skal vere den kista selskinnet vart låst ned i.

Ho hadde funnet nøkkelen etter at mannen hadde reist på fiske, då ho opna kista og såg selskinnet greidde ho ikkje halda seg. Ordtaket seier: «Han greier ikkje kontrollere seg sjølv meir enn ein sel som ser skinnet sitt.»

Så snart selkvinna hadde hoppa ut i bølgene, kom selhannen som tidlegare hadde vore maken hennar, symjande opp ved sida av henne. Han hadde venta på henne nær stranda i alle åra. Når barna ho hadde med mannen fra Mikladalur kom ned til stranda, så var det alltid ein sel like i nærheten som heldt auge med dei, og alle var sikre på at det var mor deira.

Så ein dag mange år seinare la mennene i Mikladalur planar for å fange selar i grotta ved stranda. Natta før dette skulle skje oppsøkte selkvinna mannen i ein draum. Ho sa at dersom han skulle vere med på jakta så måtte han ikkje drepe selhannen ved inngangen til grotta for det var mannen hennar, og dei to selungane innerst i grotta var ungane hennar, dei måtte han spare.

Mannen brydde seg ikkje noko om draumen, og neste dag drep mennene i Mikladalur alle selane i grotta.

Som sin del av byttet fekk mannen selhannen og fram- og bakføtene av selungane. Hovudet av hannen og føtene frå selungane vart kokt til middag den kvelden og då kjøtet vart teke opp av gryta oppstod det eit spetakkel av brak og lydar, og selkvinna kom inn i romet som et stort uhyrleg troll. Ho lukta på kjøtet og ropte ut: Dette er hovudet til maken min, hånda til sonen min og foten til dottera mi. Då har du fått din hevn, så nå kjem tida for hevn over alle menn i Mikladalur. Nokon skal drukna på sjøen, andre skal falla fra klippene, og slike ulukker skal halde fram til så mange som kan stå arm-i-arm rundt heile Kalsøya, vert borte.

Etter det for selkvinna sin veg med hyl og brak, og ingen såg henne meir.

Av og til kan ein høyre om ulykker i Mikladalur, om menn på fuglejakt som har snubla og ramla frå klippene og mista livet.

 

********************************************************

Denne segna fant eg fram til og skreiv ned etter at vi besøkte Færøyane i september 2018.

Laila og meg besøkte Førøyane første gong i 1983. Då reiste vi med ein liten fraktebåt frå Klaksvik til Mikladalur på Kalsoy. Det var så uroleg sjø at vi ikkje kom i land.  35 år seinare, i 2018, var vi tilbake. Då tok verten vår, Axel Botni, oss med på biltur til Mikladalur. Det var no kome bilferje fra Klaksvik til Sydradalur, og bilvei og tunellar på øya.

 

Mikladalur 1983. Strabasiøs ombordstiging for svenske turistar. Vi tok ikkje sjangsen på å gå i land.