Barndomsheimen

Født på Bjorheim i Varhaug i 1949. Heimen min var saman med mor og far, og bror Njål frå 1957 og søster Mette frå 1960. Vi budde fleire plasser. Eg budde heime til eg reiste i militæret i 1970.

3. november 1949 vart eg fødd på Bjorheim. Det var heimefødsel i «nøra» stova i jærhuset der mor og far budde på heimegarden til far. Bestefar og bestemor budde i halve første etasje og vi hadde andre havldelen med stove og lite kjøkken, og eit soverom på loftet.

Far hadde ein periode arbeid som lastebilsjåfør hos I.T.Ueland som dreiv trelasthandel på Varhaug. I den tida – mens eg var heilt liten – budde vi i eit hus like ved Varhaug stasjon som bedrifta leiga ut til tilsette. Vi budde i andre etasje i huset mens familien Håland budde i første. Usikker på nøyaktige tidspunkt for denne perioden, men trur vi må ha budd der 1 til 2 år før vi flytta tilbake til Bjorheim.

I oktober 1954 reiser far til Alberta, Canada der han har fått arbeid på farmen til Abraham Auestad som var frå Varhaug og hadde emigrert til Canada på 1920-talet. Far var eldst i søskenflokken og skulle overta garden på Bjorheim, men bestefar var bare litt over 50 år og ikkje klar til å gje ifrå seg drifta. Far måtte derfor skaffe seg levebrød på annan måte i mellomtida. Mor og meg skulle kome etter til Canada seinare, og vi budde imens på Bjorheim.


Så i oktober same året er det mor og meg sin tur til å reise til familiegjenforening i Canada. Det var stort frammøte av familie som skulle ta avskjed på kaien i Stavanger. Det var vanleg når nokon skulle emigrere til Amerika.

På bilete til høgre over ser vi huset som vi budde i mens vi var i Canada. Det er dottera på farmen, Helen, som rir på hesten sin. Dette var ute på prærien ved ein tettstad som hette Milo i delstaten Alberta.

I desember 1955 kjem vi tilbake frå Canada, og tilbake til Bjorheim. Etter kvart får vi leige «lærarboligen» som ligg på naboeiendommen til garden «vår». Bestefar er ennå ikkje klar til å gje frå seg garden, så far får seg arbeid som gravemaskinkjørar hos Brødr. Skjærpe på Nærbø.

6. oktober 1957 var Njål født. Og så skjedde den stygge kjøreulukka på Varhaug i slutten av november same året. Far og mor på motorsykkel og kolliderte med en lastebil i Varhaug sentrum. Mor kom ifrå det uten alvorlege mein, mens far måtte amputere eine foten over kneet, og storetåa på den andre foten.

Dette vart store omveltning for familien og spesielt for far. Han låg lenge på sjukehuset i Sandnes og måtte etter det bruke lang tid på å trene seg opp med protese. Etterkvart fekk han tilskott til å kjøpe seg sin første bil – ein gul Vauxhall Victor – og hos Brørd. Skjærpe fekk han tilrettelagt nytt arbeid som kontormann.



I 1958 kjøper familien hus på Nærbø. Huset var et par år gamalt, men hage var ikkje opparbeida. Mor og far la ned mykje arbeid med bygging av garasje og laging av hage. Huset lå i et nytt utbyggingsområde som blei kalla Suez ettersom det var vanleg på Nærbø å gi utbyggingområder navn etter konflikter som skjedde samtidig omkring i verda. Andre byggefelt hadde navn som bl.a. Etiopia, Korea og Krukkesletta.

Dette er huset vi budde i frå 1958 til 1967 – sommar med poteter i heile hagen, og om vintaren med snø på plenen. Adressen her er i dag Asalveien 2.

I mars 1960 vert Mette født og familien er fulltallig. Far er kontormann hos Brødr. Skjærpe og har rekneskapen for eit par butikkar. Mor er med i «konegjengar» som gjer arbeid hos bønder og serverer i festar og bryllup. Seinare tek ho arbeid ved Nærlandheimen.


Parkveien 16.
I 1966 kjøpte far og mor tomt og bygde nytt hus i nærheten av Breidablikk på Nærbø. Adressen var Parkveien 16. Dei måtte betale 16 000,- for tomta, og det var så dyrt at dei skjemtes av det, og vi hadde ikkje lov å sei det til nokon.

Parkveien 16 i desember 1967.

Parkveien 16 er heimen min mens eg reiser til Bryne og går på yrkesskule, reiser til Mariero med jernbanen og går på Hetland Gymnas i tre år – og fram til eg reiser i militærtjeneste i 1970.

Mange år seinare kjem eg tilbake til Parkveien 16, og bur her med min familie – Laila, Bjørnar, Ingvild og Live.

.